Rekruttering av barn og unge til folkemusikk og folkedans er eit viktig arbeid.
Foto: Ingvild Skeie Ljones
Kulturskulane i Valdres gjev eit omfattande tilbod i folkemusikk og folkedans, til dømes hardingfele, tradisjonssong, langeleik, halling og toradar. Valdres folkemusikklag og medlemslaga deira ser det som ei viktig oppgåve å skape sosiale møteplassar for desse ungdomane i form av sommarkurs, helgesamlingar og tilbod om ekstra undervisning i større grupper eller lag. Ta kontakt med kulturskulen i heimkommunen din for å høyre meir om undervisningstilbodet.
FolkemusikkUng
Ein onsdag i månaden arrangerer Valdres folkemusikklag samlingar for ungdom som deltek på hardingfele, langeleik, song, munnharpe eller halling i kulturskulen. Meir om FolkemusikkUng på Facebook-sida vår her. FolkemusikkUng mottek støtte frå Innlandet fylkeskommune.
Vil du vera med? Ta kontakt med Valdres folkemusikklag her:
- Ådne G. Kolbjørnshus / post@strunkeveko.no / 472 54 646
- Frode Rolandsgard / frode.rolandsgard@talik.no / 911 97 407
Strunkeveko og Ministrunken
Strunkeveko er det største vekeskurset i folkemusikk og folkedans i landet for ungdom i alderen 11 til 24 år. Sjå strunkeveko for meir informasjon.
Sist oppdatert 29.01.24